Sigrid Voll Bøyum

Drawing, Installation, Painting, Sculpture

Website: https://www.sigridvollboyum.com/

Instagram: https://instagram.com/s.voll.boyum

Deltar på Åpne Atelier: JA

Accessible for wheelchairs: No

About:

Eg arbeider med skulptur og installasjon, teikning og performance, ofte med utgangspunkt i konkrete observasjonar, materiale, rørsler eller fysiske fenomen. Gjennom bygging, teikning og eksperimentering utviklar utgangspunkta seg til konstruksjonar og romlege situasjonar. Eg er interessert i korleis form kan bevege seg mellom det geometriske og det organiske, mellom det to- og tredimensjonale, og korleis forholdet mellom formene kan endre opplevinga av eit rom.

Eg er fascinert av menneskeskapte konstruksjonar som blir meir enn funksjonen sin – når noko som er bygd for å fungere også kan bli vakkert, absurd eller unødvendig. I arbeida mine undersøker eg også kva som oppstår i møtet mellom verk, rom og menneske.

In my studio:

På atlieret vil du sjå utsikta til det fine treet i parken, eit maleri på store flater og kanskje nokon andre arbeider som er i prosses mot neste utstilling. Snakkest 🙂